06/12/2025
Når kroppen held på det vi ikkje lenger treng
Vi ber alle på livshistoriene våre – ikkje berre i tankane, men òg i kroppen. Nokre opplevingar får vi satt ord på, andre legg seg stille inn i musklar, pust og haldningar. Det treng ikkje vere dramatiske hendingar; det kan vere små, gjentekne situasjonar, gamle vanar eller måtar å tilpasse seg på som ein gong var kloke strategiar.
Kroppen gjer berre sitt beste for å passe på oss. Men somme mønster blir verande lenge etter at vi ikkje treng dei meir. Dei kan vise seg som spenningar, uro, trettheit eller kjensler som kjem litt «ut av det blå».
I Rosenmetoden arbeider vi med mjuk, lyttande berøring – myke rosenhender – som inviterer kroppen til å sleppe taket, litt etter litt, i sitt eige tempo. Det handlar ikkje om å grave eller presse fram noko. Det handlar om å møte seg sjølv med varme, og la kroppen få puste ut det som er ferdig.
Når gamle spenningar slepper, blir det meir rom til ro, klarheit og eit meir våkent nærvær. Mange opplever mindre vondter og eit mildare forhold til både kropp og kjensler.
Dette er ein varsam veg heile mennesket kan vere med på – med respekt, tryggleik og eit ønske om å forstå seg sjølv litt betre.
Varme tanker og gode ønsker fra meg i adventstiden 💫🌟
og eit håp om å kunne forklare Rosenmetoden på ein fin måte 💕💗
Ålesundklinikken