Haukeland universitetssjukehus

Haukeland universitetssjukehus Velkomen til Haukeland universitetssjukehus! Kvart år har vi over 900 000 pasientmøte og vi utdannar eit par tusen helsearbeidarar.

Vi har over 14.000 dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for at pasientane skal få spesialisthelsetenester med god kvalitet når dei treng det. Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har om lag 14 000 tilsette som kvar dag har som mål å gje best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Forsking er ei viktig oppgåve og vi er Noregs nest største medisinske forskingsmiljø. Vi har dessutan ei rekkje kompetansesenter og spesialfunksjonar både på nasjonalt og regionalt plan. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Det er Kommunikasjonsavdelinga ved sjukehuset som har ansvaret for denne facebook-kontoen. Vi er ikkje helsepersonell, og oppfordrar deg til å ta opp spørsmål rundt sensitive helseopplysningar andre stader enn her.

Sjå for deg ein full buss der alle rundt deg hostar og nys. Kor stor er sjansen for å bli smitta, og kva skjer eigentleg...
27/02/2026

Sjå for deg ein full buss der alle rundt deg hostar og nys. Kor stor er sjansen for å bli smitta, og kva skjer eigentleg i kroppen når viruset får fotfeste?

Hør fagfolket frå Mikrobiologisk avdeling forklarer kva som skjer i kroppen når du får ein luftvegsinfeksjon.

Lenke til episoden👇

20/02/2026

Kvinneklinikken er dei fine folka.
Gratulerer med 100 år🎉💙

🎙️ Direktesending frå Kvinneklinikken fredag morgonFredag sender NRK Radio God morgon Hordaland direkte frå Kvinneklinik...
19/02/2026

🎙️ Direktesending frå Kvinneklinikken fredag morgon

Fredag sender NRK Radio God morgon Hordaland direkte frå Kvinneklinikken i samband med at KK fyller 100 år.

Programleiarane Tony Ågotnes (til venstre på biletet) og Mariann Reikerås (til høgre på biletet) tek morgonsendinga frå jubileet og byr på både historiske tilbakeblikk, fine augeblikk og eit blikk framover mot dei neste 100 åra. Klinikksjef Lorentz Linde (i midten på biletet) deltek saman med fleire andre gjester.

Tun inn grytidleg frå klokka 06.00 -09.00 og feir dagen saman med oss! 💙

Velkommen skal du være👇🏾
17/02/2026

Velkommen skal du være👇🏾

Velkommen til åpning av Trond Mohn-senteret for nevroproteksjon!

– Eg likar å jobbe ein plass der det skjer noko, smiler Renate 😊Resepsjonen i Glasblokkene er vanlegvis der ho «bur», me...
01/02/2026

– Eg likar å jobbe ein plass der det skjer noko, smiler Renate 😊

Resepsjonen i Glasblokkene er vanlegvis der ho «bur», men no er ho under opplæring ved Kvinneklinikken sin poliklinikk. Her er ingen dagar like, det skiftar raskt mellom arbeid på PC 💻, pasientkontakt 🤝, oppkobling av overvaking, telefonar 📞 og logistikk 🗂. Alt handtert med eit smil.

Takk for innsatsen til alle våre dyktige og smidige helsesekretærar 👏 og gratulerer med dagen 🎉

– Det er så variert, og så er det eit utruleg godt arbeidsmiljø 💙 Det hadde eg høyrt rykte om før eg søkte på jobben, se...
26/01/2026

– Det er så variert, og så er det eit utruleg godt arbeidsmiljø 💙 Det hadde eg høyrt rykte om før eg søkte på jobben, seier ei fornøgd Kathrine på veg til neste oppdrag. Ekstra spennande er det når pasientar skal transporterast frå helikopterdekket 🚁✨

15-30 000 skritt dagleg er det vanlege, då er det greit å ha bil, heis og gode sko.

Vi vil gratulere alle våre flotte (og spreke 💪) portørar med dagen 🎉
Tusen takk for den supre jobben de gjer!




Sjuke, små babyar treng di hjelp 💛Har du ekstra morsmjølk, ta kontakt 🍼Du er ein blodprøve og ein samtale frå å bli mors...
16/01/2026

Sjuke, små babyar treng di hjelp 💛
Har du ekstra morsmjølk, ta kontakt 🍼

Du er ein blodprøve og ein samtale frå å bli morsmjølkdonor 👶
Utstyr låner du av oss, og vi kan også hente mjølka 🚗

Takk til kvar enkelt donor! 🌸
Ditt bidrag og din innsats er uvurderleg og viktig 🙏
Morsmjølk er medisin for dei minste og eit livsviktig grunnlag for vekst og utvikling 🌱

Les meir om mjølkebanken på helse-bergen.no 🌐
eller ta kontakt:
📞 41 86 98 26
✉️ melkebanken@helse-bergen.no



-bergen

👶🤍4974 barn vart fødd på sjukehusa våre i fjor, ein oppgang på 166 søte små frå året før. 📈 Å bli forelder er ei stor li...
09/01/2026

👶🤍
4974 barn vart fødd på sjukehusa våre i fjor, ein oppgang på 166 søte små frå året før. 📈 Å bli forelder er ei stor livsomvelting der kvar enkelt har ei unik historie. 🌿 Det er eit privilegium å få vere ein del av dette.

Gratulerer til alle som blei foreldre i 2025!

2026 nærmar seg, og det same gjer nyttårsfeiringa. I år som i fjor har overlege Lasse Mulstad Skrivervik ved Augeavdelin...
30/12/2025

2026 nærmar seg, og det same gjer nyttårsfeiringa. I år som i fjor har overlege Lasse Mulstad Skrivervik ved Augeavdelinga gode råd til korleis du kan feire tryggast mogleg:

👉Les bruksrettleiinga på fyrverkeriet grundig

🎆Bruk vernebriller – alle i nærleiken av fyrverkeriet bør beskytte augo

👉Hugs at alkohol og fyrverkeri ikkje høyrer saman

🎇Tenk på dei og det du har rundt deg – hald sikker avstand frå menneske, dyr og bygningar

Saman kan vi gjere feiringa av det nye året trygg og minneverdig for alle, vi ønsker deg ei god nyttårsaftan! 🫶

Julekonserten i foajeen på Haukeland universitetssjukehus på julaftan er ein årelang tradisjon.Og som alltid er Rune Lar...
24/12/2025

Julekonserten i foajeen på Haukeland universitetssjukehus på julaftan er ein årelang tradisjon.

Og som alltid er Rune Larsen og resten av artistane der. År etter år.

Det gir gåsehud. Det gir julestemning.
Takk til alle som har stått på – både på scena og bak kulissane.

God jul frå alle oss på Haukeland universitetssjukehus.

Vi ønskjer dykk ei fredfull jul.🎄

Nokre barn kjem til oss utan ord.Stillheita kan vere tung – for barnet, for foreldra, for alle rundt.Så kjem ein radiost...
23/12/2025

Nokre barn kjem til oss utan ord.

Stillheita kan vere tung – for barnet, for foreldra, for alle rundt.

Så kjem ein radiostyrt bil rullande bortover golvet. Ein som barnet har kontrollen over. Som kan krasje litt, skrus på, reparerast. Køyrast fram og tilbake – utan krav, utan spørsmål.

For somme barn er det nett dette som skal til.
I leiken skjer det noko. Hendene jobbar. Blikket løftar seg. Og av og til kjem det eit ord. Kanskje berre eitt. Men eitt er meir enn ingenting.

På Haukeland har radiostyrte bilar vorte meir enn leik. Dei er ein veg inn. Ein trygg stad. Eit rom der barn kan vere barn – også når livet er på sitt mest krevjande. For familiane betyr det håp. Små augeblikk av normalitet. Ein pause frå det som er vanskeleg.

Takk til Haukelands Venner og Foreningen til Barns Beste som har gjort dette mogleg.

Dei veit at også små ting kan bety uendeleg mykje.
🚗💙

Les meir👇🏾

Vi er stolt samarbeidspartnar med Psykiatrialliansen. I jula tilbyr alliansen aktivitetar kvar dag. Sjekk oppdatert time...
22/12/2025

Vi er stolt samarbeidspartnar med Psykiatrialliansen. I jula tilbyr alliansen aktivitetar kvar dag. Sjekk oppdatert timeplan for jula 2025. Alle er velkomne, alltid 🫶😊

Psykiatrialliansen tilbyr aktiviteter hver dag i hele julen! Se våre oppdaterte timeplaner for julen 2025.

Adresse

Helse Bergen, Haukelandsveien 22
Bergen
5021

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Haukeland universitetssjukehus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Haukeland universitetssjukehus:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram

Type