Healing og hjelp til sjølvutvikling for enkelmenneskje og familiar.
Adresse
Holetun
Sande
6977
Telefon
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kari Margrete Rønning legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Praksisen
Send en melding til Kari Margrete Rønning:
Type
Om meg
Mitt namn er Kari Margrete Rønning. Eg er fødd i 1959 på Søre Sunnmøre. Oppveksten min hadde eg på ein gard, som låg eit godt stykkje vekk frå bygda. Eg budde på Sunnmøre fram til 1995, då flytta eg grunna jobb. Eg har budd seinare i Bø i Vesterålen, på Osterøy, og frå 2002 i Sogn og Fjordane.
I vaksen alder tok eg utdanning som sosionom, og eg har spedd på med vidareutdanningar, mellom anna i rettleiing innan Gestaltterapi. Mi lange arbeidserfaring har vore knytt opp mot psykiatri, rusomsorg, barnevern, flyktningar, yrkesretta attføring, eldreomsorg, funksjonshemma, og elles det meste av sosialt arbeid.
Livet har og bydd på helseplager, vanskelege familieforhold, og opplevingar ein gjerne skulle vore forutan. Likevel, det er akkurat denne livserfaringa på godt og vondt, saman med mine evner som har gjort meg til den eg er i dag.
Gleda over livet, viljen til å tilgi, kjærleiken til meg sjølv og til omverda, har gjort meg open for å vere ein del av eit fantastisk univers.