Fjell sjukeheim

  • Home
  • Fjell sjukeheim

Fjell sjukeheim Velkommen til Facebooksida til Fjell sjukeheim.

Kunst på Fjell sjukeheim 🌸Vi er så heldig å ha ein kunstner og  pårørande som har malt nokre fantastiske maleri til oss ...
11/07/2025

Kunst på Fjell sjukeheim 🌸
Vi er så heldig å ha ein kunstner og pårørande som har malt nokre fantastiske maleri til oss 🙏 Desse har han hengt opp i grillhuset utenfor dementavdelinga. I det store bildet ser vi pyttane, fjell, sund, fyrlykter, naust, Libas, ein supplaybåt og bruer ut til øyane. Ser ein godt på biletet kan ein sjå ein engel i solnedgangen 😇 Det minste biletet er det første fyret på Marstein frå 1877 🌊
I tillegg til flott kunst gjer denne pårørande mykje for oss i hagen og med uteområda 🌸🙏 Tusen takk for ditt bidrag ❤️

Til tross for ødelagt heis blei det stinn brakke i kantina idag!Alt av publikum frå Fjell sjukeheim fikk vind i håret og...
23/06/2025

Til tross for ødelagt heis blei det stinn brakke i kantina idag!
Alt av publikum frå Fjell sjukeheim fikk vind i håret og ein ekstra trimtur ut i junisola før me kunne ta inn ein finfin konsert med Roy Vorland og Kristian Wedberg. Pårørande og frivillige kom i fleng og tok del i musikken saman med sine kjende. Det blei ei flott stund. Me ynskjer Roy og Kristian velkomne tilbake for julekonsert i desember!

👒HATTEFEST 👒Den årlige grill og hattefesten vart i år innandørs på dei ulike fløyane. Vi pynta borda til fest og tok hat...
05/06/2025

👒HATTEFEST 👒
Den årlige grill og hattefesten vart i år innandørs på dei ulike fløyane. Vi pynta borda til fest og tok hattane på. Det vart servert hot dog, nydeleg pastasalat og is frå kjøkkenet. Guri kom innom fløyane med sang og gitarspel. Ei kjekk stund for både pasientar og pleiarar 🌸👒

STAFETT FOR LIVET🌸Tilsette på Fjell sjukeheim har gått i 24 timar for å vise si støtte til dei som er ramma av kreft ❤️ ...
01/06/2025

STAFETT FOR LIVET🌸
Tilsette på Fjell sjukeheim har gått i 24 timar for å vise si støtte til dei som er ramma av kreft ❤️ Vi starta i strålende sol, med god stemnig og yrande folkeliv☀️ Nokon gjekk, medan andre sprang runde på runde. Gjengen som gjekk i natt fekk ei våt oppleving, men stemninga var på topp trass i "litt" regn. Det vart i alt rundt 1300 runder 👏 Eit flott arrangement ❤️ TAKK til alle som var med- for ein innsats- for ein gjeng- for eit TEAM 👏 Ei særlig takk til komiteen som har planlagt, organisert og stelt i stand 👍 TEAM FJELL SJUKEHEIM ALTSÅ!

Strilakonsert i kantina idag med Guri, Sandra og musikkterapistudent Caroline. Bilder og video fra kjente steder på Sotr...
22/05/2025

Strilakonsert i kantina idag med Guri, Sandra og musikkterapistudent Caroline.
Bilder og video fra kjente steder på Sotra av Hans Laukvik vart vist på storskjerm medan Sandra og ein bebuar åpna konserten med Gabriels Obo.
Etter det blei det strilamusikk for alle penga! .
Låter av Johannes Kleppevik, Ivar Medaas, Salhuskvintetten, Stanley Jacobsen, Helge Steinsland og Roy Vorland. Mykje god allsong idag!

Gratulerer med dagen frå alle oss på Fjell sjukeheim 🇧🇻🌸
17/05/2025

Gratulerer med dagen frå alle oss på Fjell sjukeheim 🇧🇻🌸

Vi starta feiringa litt tidleg i år! I går fekk me besøk av 20 flotte barnehageborn! Med marsjering til Norge i rødt, hv...
16/05/2025

Vi starta feiringa litt tidleg i år! I går fekk me besøk av 20 flotte barnehageborn! Med marsjering til Norge i rødt, hvitt og blått, flagg, trompetspel og allsong til kjende mai-songar blei det god 17. mai-stemning i kantina! Vi avslutta det heile med Ja, vi elsker – og ein is! 🍦

Tusen takk for besøket til alle born og vaksne frå Læringsverkstedet Valen! ❤️

Sjå eget 17.mai program for imorgon!
Tradisjon tro får me besøk av Sotra Folkedanslag oppe på stova på Fjell sjukeheim kl 17.00. Det blir dans, allsong, kaffe og kaker!
Med ynskje om ein god 17.mai

Fullsatt kantine i formiddag med Fredrik Elholm bak mikrofonen! Songynskjer i fleng og stemning til å kjenne på. Ein beb...
14/05/2025

Fullsatt kantine i formiddag med Fredrik Elholm bak mikrofonen! Songynskjer i fleng og stemning til å kjenne på. Ein bebuar bidrog med pianospel, mens musikkterapeut Guri flaug rundt med mikrofonen og inviterte ivrige og villige songarar med på laget. Frå Tønnesen og svigermoren til Only you!.

Konserten er i regi av Den kulturelle spaserstokken i Øygarden kommune
Takk for besøket, Elholm Musikkomsorg

Denne våren har me kjekke praksisstudentar frå musikkterapiutdanninga ved UiB hjå oss! Kvar veke har Karena og Caroline ...
09/05/2025

Denne våren har me kjekke praksisstudentar frå musikkterapiutdanninga ved UiB hjå oss! Kvar veke har Karena og Caroline vore med på musikkterapitilbud både individuelt, i grupper og på større arrangementer. Med klarinett, gitar og piano har dei vore med på å skape gode musikalske og mellom-menneskelige møter.
I dag har me hatt musikkquiz i kantina og mai-markering på demensavdelinga

Monge på huset som set pris på andakt og salmesong med sokneprest Maria Tveten og organist Eline Olsen! Annakvar veke få...
07/05/2025

Monge på huset som set pris på andakt og salmesong med sokneprest Maria Tveten og organist Eline Olsen! Annakvar veke får me besøk frå kirka. Ekstra betydningsfullt at de alltid tar seg tid til å helse på frammøtte og alt det dei skapar på det mellom-menneskelige plan. Full allsong på salmar idag: fagert er landet, gud signe vårt dyre fedreland og No livnar det i lundar

Idag har me hatt basar på stua på Fjell Sjukeheim. Då basaren egentlig skulle ha vore før påske, blei det monge påskegev...
24/04/2025

Idag har me hatt basar på stua på Fjell Sjukeheim. Då basaren egentlig skulle ha vore før påske, blei det monge påskegevinstar, så monge er allereie klar for ny påske 😅 me fekk inntrykk av at monge òg er klar for ny basar, så me satsar på å få til ein ny basar over sumaren!

Takk til alle som har bidratt med gevinstar, til våre frivillige, ansatte og pårørande som har engasjert seg, hjulpet til og handla årer.
Overskuddet frå basaren blir brukt til nye trivselstiltak på huset

Address


Telephone

55097400

Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Fjell sjukeheim posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

  • Want your practice to be the top-listed Clinic?

Share

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram

Fjell sjukeheim

Velkomen til Fjell sjukeheim si offisielle Facebook-side. På denne sida vil me dela eit bredt innhald av kva som skjer her hos oss; små og viktige møtepunkt i kvardagen, arrangementar, månedsplanar m.m.