02/12/2025
Mandag 8. desember kl. 11.00 opnar det nye parkeringshuset ved Ålesund sjukehus 🥳. Alle parkeringsplassar for pasientar og besøkande som skal til sjukehuset, med nokre unntak, blir i parkeringshuset. Parkeringa blir registrert automatisk
av eit kamera ved inn- og utkjøring.
På samme dag opnar den nye busshaldeplassen på Borgundvegen. Bussane vil difor ikkje lenger kjøre nedom sjukehuset som tidlegare, men til gjengjeld får du gå trygt og isfritt til sjukehuset.
Vis omsyn og følg skiltinga på sjukehusområdet 🙏