Vaksinekontoret i Vindafjord

Vaksinekontoret i Vindafjord Råd, og vaksinering - reise, influensa, oppfriskning av barnevaksinasjon & yrkesvaksinering

21/11/2025

Hovudvaksineringa av risikogrupper er no avslutta for i år, men me har framleis vaksinar på lager. Det betyr at både risikogrupper og resten av innbyggjarane kan bestilla time for vaksinasjon.

15/11/2025

Har du hugsa å bestille time til influensavaksine?

Årets influensavaksinering er i gang på kulturhuset.

Vaksinekontoret har framleis mange ledige timar neste onsdag 19.11

Dei har no hatt to veker med fulle timebøker på kulturhuset.

I overkant av 1000 personar har vore inne til vaksinering.

Dyktige og erfarne vaksinatørar sikrar ei trygg og god oppleving.

FHI ber eldre og risikogrupper om å ta influensavaksinen så snart som mogleg, fordi dei trur årets influensasesong kan starte tidlegare enn vanleg.

https://www.fhi.no/nyheter/2025/tidlig-okning-av-influensa--fhi-ber-eldre-og-risikogrupper-vaksinere-seg-na/

Time kan bestillast i Helseboka. Har du ikkje BankID, kan nokon andre bestilla for deg ved å bruke si BankID.

https://app.helseboka.no/booking/staff/4543424/treatment

Du kan òg senda e-post til vaksinekontor@vindafjord.kommune.no eller ring 913 03 84

Påminning til deg fødd i 1960:

Alle fødde i 1960 får tilbod om ny vaksine mot lungebetennelse (Prevenar20) gjennom vaksinasjonsprogrammet for vaksne.

Denne gir livslang immunitet og kan takast samtidig med influensavaksina.

10/11/2025

Har du husket å bestille time til vaksine ? Siste vaksinedager 12., 13. og 19. november kl. 09.00–15.00
Stad: Kulturhuset i Ølen, Dreganesvegen 40

For henvendingar:
Mobil: 913 03 842
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Du kan bestilla time både for deg sjølv og for andre.

Influensavaksinering starter på kulturhuset i Ølen i morgen
04/11/2025

Influensavaksinering starter på kulturhuset i Ølen i morgen

Denne veka startar årets influensavaksinering på kulturhuset. Det er stor pågang, og me minner om at kapasiteten på vaksinetelefonen vil vera noko avgrensa desse dagane.

01/10/2025

Vaksinedagar:
5., 6., 12., 13. og 19. november kl. 09.00–15.00
Stad: Kulturhuset i Ølen, Dreganesvegen 40

For henvendingar:
Mobil: 913 03 842
E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no
Du kan bestilla time både for deg sjølv og for andre.

01/10/2025
07/08/2025

Viktig melding til innbyggjarar i Vindafjord kommune: Hepatitt A-utbrot i Oslo

Det er no eit utbrot av hepatitt A knytt til matservering ved Frognerseteren i Oslo. Talet på smitta aukar, og det er også påvist tilfelle i andre kommunar.

Innbyggjarar som dei siste 14 dagane har ete uemballert mat tilberedt og servert ved Frognerseteren, får tilbod om hepatitt A-vaksine i Vindafjord.

✅Vaksinen må takast innan to veker etter besøket.

✅Personar som allereie er vaksinerte eller som har hatt sjukdomen før, treng ikkje vaksine.

✅Hepatitt A har lang inkubasjonstid (2–6 veker, vanlegvis rundt 4 veker). Symptoma varierer frå milde til alvorlege, og risikoen for alvorleg sjukdom aukar med alderen.

✅Smitte skjer fekal-oralt, og dei smitta er mest smitteførande frå to veker før til éi veke etter at symptoma startar.

✅Vaksinen er gratis, men du må betale 150 kroner for konsultasjon.

✅Ta kontakt med vaksinekontoret på mobil 913 03 842 for timebestilling. Når du har fått time er oppmøte på helsestasjonen ved Rådhuset.

Anbefaler alle som skal ut å reise å bruke fem minutt på denne artikkelen. Kanskje spesielt unge som skal til Asia 🫶
07/07/2025

Anbefaler alle som skal ut å reise å bruke fem minutt på denne artikkelen. Kanskje spesielt unge som skal til Asia 🫶

De ser vanlige ut. Smaker som fest. Men i glasset kan det lure noe dødelig, advarer en norsk overlege. Og motgiften? Den vil overraske mange.

Ut å reise i sommer ? Husket vaksiner og myggspray ? Vi har åpent hele sommer mandag- torsdag . Ring 91303842 for timebe...
10/06/2025

Ut å reise i sommer ? Husket vaksiner og myggspray ? Vi har åpent hele sommer mandag- torsdag . Ring 91303842 for timebestilling. Veke 26-33 oppmøte helsestasjon på rådhuset.

14/04/2025

Vaksinekontoret har vaksine mot helvetesild på lager. Vaksina er godkjend for personar over 50 år, og skal tas i to dosar med 8 vekers mellomrom.

Adresse

Rådhusplassen 32
Ølen
5580

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00

Telefon

+4791303842

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vaksinekontoret i Vindafjord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Vaksinekontoret i Vindafjord:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram