Ølen Omsorgssenter

Ølen Omsorgssenter Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Ølen Omsorgssenter, Rådhusplassen 30, Ølen.

Har du ein bolig du vil leie ut i sommar?Me har fortsatt ikkje fått dekka vårt behov for bolig til våre medisinstudentar...
25/02/2026

Har du ein bolig du vil leie ut i sommar?
Me har fortsatt ikkje fått dekka vårt behov for bolig til våre medisinstudentar som skal være hos oss i sommar. Alt av interesse👍🏼

Ta kontakt😊

I kveld var det bingo og OL på programmet hos oss🤩🥰
17/02/2026

I kveld var det bingo og OL på programmet hos oss🤩🥰

Me treng deg som er helsefagarbeidar!Vil du vera med å framhalde ei god eldreomsorg i Vindafjord? Me har ledige stilling...
13/02/2026

Me treng deg som er helsefagarbeidar!
Vil du vera med å framhalde ei god eldreomsorg i Vindafjord?

Me har ledige stillingar som helsefagarbeidar ved Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter- innan somatikk, demens eller korttid/rehabilitering😍

Sjå stillingsannonsa her; https://vindafjord.easycruit.com/vacancy/preview/3588537
og bli med oss!

Me kan tilby ulike arbeidstidsordningar, gratis parkering og lite kø til jobb 😄 I tillegg kan me tilby fagdagar, moglegheit for vidareutdanning med støtte frå arbeidsgivar og arbeid i gode avdelingar med magiske folk🥰
Me prøver og så langt som mogleg å ha felles vaffel lunsj kvar fredag og andre arbeidsmiljø tiltak.
Begge insititusjonane har gode hjelpemidlar med blant anna takheisar og pasientvarslingssystem samt IKOS tavler😄

Velkommen med som søkar til oss!

Vindafjord kommune

I dag var me så heldige at me fekk besøk av sanitetskvinnene frå Ølen Sanitetslag🌷Drøsen gjekk lett over kaffi, lappar o...
09/02/2026

I dag var me så heldige at me fekk besøk av sanitetskvinnene frå Ølen Sanitetslag🌷
Drøsen gjekk lett over kaffi, lappar og fastelavensris, ei koselig stund for våre bebuerar🤩

Tusen takk for besøket, og velkommen igjen🌷

Til sommaren får me hjelp av svenske medisinstudenter, og i den forbindelse treng me å leie ein bustad med 3 soverom👍🏼 H...
09/02/2026

Til sommaren får me hjelp av svenske medisinstudenter, og i den forbindelse treng me å leie ein bustad med 3 soverom👍🏼 Har du ein bustad så ta kontakt med oss😊

Stephan valde Vindafjord: - Givande å kunne gjere ein skilnad😍Etter mange år i Bergen, valde Stephan Algren å flytte til...
28/01/2026

Stephan valde Vindafjord: - Givande å kunne gjere ein skilnad😍

Etter mange år i Bergen, valde Stephan Algren å flytte til Vindafjord for å renovere ei hytte som har tilhøyrd familien. Samtidig fann han ein arbeidsplass med meining – som sjukepleiar ved Vindafjordtunet.

Når han ikkje er på jobb, likar Stephan å snekre og bruke tid på hytta han er i ferd med å renovere.
– Det er spennande å setje i stand hytta. Og så er det flott her i Vindafjord, smiler han.

Lang erfaring innan omsorg:

Stephan har brei erfaring frå helsevesenet.

Før han kom til Vindafjordtunet omsorgssenter, hadde han jobba innan heimesjukepleie, demensomsorg, rehabilitering og psykiatri.

– Eg trivst godt innan helse. Det å kunne bidra til at folk beheld funksjonar, som å ete sjølv eller halde fram med ein hobby, betyr mykje, fortel han.

Godt samhald og fagleg spennande
Ved Vindafjordtunet har Stephan funne eit arbeidsmiljø med godt fellesskap og høg kompetanse.
Stephan trekkjer fram arbeidsmiljøet som ein av dei store styrkane ved Vindafjordtunet.

– Det er eit godt samhald og mykje kunnskap om pasientgruppa. Det er spennande å finne ut kva som fungerer og kva som når fram. Det krev god kommunikasjon og tilnærming, seier han.

For Stephan handlar sjukepleiaryrket om meir enn rutinar – det handlar om å forstå menneske og tilpasse seg.
For han er det viktig å ha nok ressursar og tid til å jobbe med sjukepleiefaglege oppgåver.

– Å medverke til at dei får ein bra kvardag og gi god støtte, det gir meining. Fine tilbakemeldingar frå pasientar og pårørande gir mykje, legg han til.

Anbefaler yrket til andre
Stephan meiner sjukepleieryrket er ein god veg - også for menn.

– Det er eit spennande yrke med mange moglegheiter. Du får brukt både hovudet og hjartet, og din innsats kan bety mykje for andre, seier han.

Bli ein del av laget!
Ta kontakt med Annelin Bauge:

E-post: annelin.bauge@vindafjord.kommune.no, Tlf. 97 65 77 78

Heldige me er som har så masse flotte folk som jobbar hos oss🥰I dag storfint besøk av Trygve Slagsvold Vedum med fokus p...
22/01/2026

Heldige me er som har så masse flotte folk som jobbar hos oss🥰

I dag storfint besøk av Trygve Slagsvold Vedum med fokus på drift og rekruttering og å behalda tilsette❤️ Ordførar Ole Johan Vierdal var og med på besøket

Lisa Marie som kom til oss som sjukepleiar etter 4 år på stortinget var guide gjennom huset og med bebuarar ilag med Trygve☺️
Me var innom avdelingane, lunsjen til tilsette heimetenesta og mange historiar vart delt💝

Takk for besøket, takk for at me fekk dela🌸

Me ønskjer de ein nyydeleg dag🌟🌸
07/01/2026

Me ønskjer de ein nyydeleg dag🌟🌸

Me søker deg som er sjukepleiar og helsefagarbeidar til både Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter. Me har tilsette som ...
06/01/2026

Me søker deg som er sjukepleiar og helsefagarbeidar til både Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter.

Me har tilsette som har og skal gå av med pensjon eller som har byta arbeidsplass og me har difor plass til fleire 😀

Om du er ferdig som sjukepleiar til sommaren er du og sjølvsagt velkommen som søkar !

Me kan tilby;
- Kompensasjon ved vidare- utdanning
- Gratis parkering
- Rabatt på treningssenter
- God mobilavtale
- Lønn over garantilønn
- Helgeavtale
- Lønn som ved 8 års ansienitet sjølv om du er nyutdanna sjukepleiar Gode arbeidsmiljø og mykje meir🥰

Velkommen til DEG som søkar!!

Sjukepleiar https://vindafjord.easycruit.com/vacancy/preview/3576427

Helsefagarbeidar:
https://vindafjord.easycruit.com/vacancy/preview/3576555

Vindafjord kommune

Kva kan me sei....❤️Omtanke- Raushet- Engasjement- Flott ungdom- Fornøyde bebuarar- Stolt arbeidsgivar❤️I dag kom Ølen v...
05/01/2026

Kva kan me sei....❤️
Omtanke- Raushet- Engasjement- Flott ungdom- Fornøyde bebuarar- Stolt arbeidsgivar❤️

I dag kom Ølen vg1- Helse og Oppvekst - for å overrekka pengegåve etter basaren dei hadde før jul💝🌟

23 251 kr har dei samla inn etter 2 timar med sal av juleting dei hadda laga og boller dei hadde bakt😍🥰
Alt for å kunne yte å gi noko til nokon andre nemleg bebuarane ved ØOS🥳
På vegne av ØOS er me svært takknemlege og kan gå året i møte med kjekke aktivitetar og innkjøp til bebuarane våre❤️

Som Liv Tordis (bilete) sa; "Me e øvegidde og ska få pengene til å vara lenge og strekka til masse!! Tenk kva arbeid og innsats de har gjort for andre"❤️

Tusen takk🥰!!

Rømmegrøt og spekemat er fortært, me har høyrt talen til kong Harald og me har sett på stjerneskudd🎆Rolig og fin nyttårs...
31/12/2025

Rømmegrøt og spekemat er fortært, me har høyrt talen til kong Harald og me har sett på stjerneskudd🎆
Rolig og fin nyttårsfeiring slik me ønsker det🫶🏼

Nyttårsbordet er dekka 🌟 og me ved Ølen omsorgssenter vil takke for det gamle og ønskar velkommen til det nya🥰🌟Me ser ti...
31/12/2025

Nyttårsbordet er dekka 🌟 og me ved Ølen omsorgssenter vil takke for det gamle og ønskar velkommen til det nya🥰🌟

Me ser tilbake på eit år fyllt med innhold og aktivitetar for våre bebuarar og håpar på at 2026 blir like fint💝

🌟 GODT NYTT ÅR🌟

Adresse

Rådhusplassen 30
Ølen
5580

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Ølen Omsorgssenter legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Ølen Omsorgssenter:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram