12/02/2026
🧠 Visste du at Neuro-SysMed ikkje berre forskar på Parkinsons, MS, demens og ALS – men òg har fokus på ansvarleg forsking, innovasjon, etikk og brukarperspektivet?
No har du sjansen til å lære meir om dette gjennom kurset NEUROSYSM940 – "The nature of disease and suffering and the goals of precision medicine", som tek for seg dei store, viktige spørsmåla presisjonsmedisin reiser.
Presisjonsmedisin er i ferd med å endre måten vi forstår helse og sjukdom på. Dette kurset utforskar kva som skjer når behandling kan skreddarsys til kvar enkelt pasient – og kva for etiske, sosiale og filosofiske utfordringar som følgjer med.
Gjennom faglitteratur, seminar og refleksjonsoppgåver ser vi mellom anna på:
-prinsipp og omgrep innan presisjonsmedisin
-ulike forståingar av liding, sjukdom og helse
-ansvarleg forsking og innovasjon (RRI)
-etiske og samfunnsmessige konsekvensar av presisjonsmedisin
-korleis deltakarane sine eigne prosjekt kan få nye perspektiv
📅 Når: 26.–27. mars og 17. april 2026
📍 Stad: Haukeland universitetssjukehus, Bergen (kun personleg oppmøte)
🎓 For: Ph.d.-kandidatar, andre studentar, postdoktorar og forskarar.
🔢 Plassar: Maks 15 deltakarar – vi har framleis nokre ledige plassar.
📝 Påmelding innan 15. februar 2026 via Studentweb (UiB-studentar). Andre kan kontakte kurskoordinator.
👉Finn meir informasjon her: https://www4.uib.no/forskning/forskningssentre/neuro-sysmed/arrangementer/neurosysm940-the-nature-of-disease-and-suffering-and-the-goals-of-precision-medicine-2026