06/12/2025
KUNST OG KULTUR OG EI UTVIDA FORSTÅING AV HELSE
Eva Mari Andreasen er forskingsansvarleg ved teater- og konserthus i Kristiansand. I eit debattinnlegg i Dagsavisen argumenterer ho for at kunst og kultur bør bli ein del av helsetilbodet til ungdom.
Kulturtilbod kan gje ungdom nye mogelegheiter til å forstå både seg sjølve og andre på nye måtar, og til å utvikle ei kjensle av tryggleik og fellesskap, omsorg, meistring og meining. Andreasen skriv med referanse til Ung-HUNT-undersøkingane i Nord-Trøndelag og til eiga forsking på samskapande scenekunstprosjekt for ungdom: prosjektet SPOR, der elevar frå vgs lagar førestilling saman med ungdom med funksjonsvariasjonar.
Ubetydelege funn? Neppe. Heilt uventa? Neppe. Men likevel: Ofte står vel kulturtilbod ganske høgt på kuttlistene i norske kommunar?