12/01/2025
I år har ho sett seg som mål at ho skal trena, og at ho skal læra å lika det. For i utgangspunktet gjer ho ikkje det. Men nå er planen å bli ein av desse friskusane som står tidleg opp for å trena, og som stråler av energi resten av dagen.
Tidlegare har Margrethe Salvesen Klippenberg beint ut vore skeptisk til trening – fordi ho har vore så imot kroppspresset som lett kan følgja med.
– Ja, og det er der mange feilar, seier Elise Skjelbred på treningssenteret.
– Nokon er så opptatt av å ta av nokon kilo på rumpa, at dei gløymer at treninga har gjort dei sterkare både fysisk og mentalt, held ho fram.
Margrethe Salvesen Klippenberg blir engasjert:
– Skal me ha eit slikt samfunn, der me er så opptatt av rumpa? spør ho.
Elise på Puls svarer på denne måten:
– Det er ikkje rumpa me kjem til å tenkja på når me sit på gamleheimen.
Dei to er heilt einige:
– Då bør ein heller tenkja på kven ein har vore her i verda, og kva ein har gjort for å gjera verda til ein betre plass for andre, samanfattar Margrethe
Kroppen forandrar seg
Margrethe Salvesen Klippenberg håper ingen melder seg inn på treningssenter i januar fordi dei vil ha ein fin kropp til sommaren.
– Me har dei kroppane me har, og me kan ha ein fin sommar likevel, seier ho og held fram:
– Kroppen er i forandring heile tida. Er det noko me må akseptera, så er det det.