Sogn Dyreklinikk As

Sogn Dyreklinikk As Moderne og velutrustet smådyrklinikk med høy kompetanse og personlig service. Stor butikk med salg

✨🌟💫 🎉 NY NETTSIDE 🎉💫🌟✨Vi har fått oss heilt ny nettside – og vi er skikkeleg fornøgde! 🤩Her finn du oppdatert informasjo...
30/04/2026

✨🌟💫 🎉 NY NETTSIDE 🎉💫🌟✨

Vi har fått oss heilt ny nettside – og vi er skikkeleg fornøgde! 🤩

Her finn du oppdatert informasjon om tenestene våre, praktiske opplysingar, og det skal vere enklare å finne fram til det du treng.

Ta gjerne ein titt og sei kva du synest 🤗.

Adressa er den same som før: sogndyreklinikk.no

Vi håpar du likar sida like godt som oss 😉.

❤️🐕🐈🐩🐈‍⬛🐇🐁🐓🐀🦜❤️.

17/04/2026

🐾👀AUGELYSING👀🐾

Det vert ny dag med augelysing hjå oss Tysdag
28. April. Då er det same augelyser som kjem att,
Eva Heldal Monsen frå AniCura Bergen Sør.

Send oss påmelding via e-post
📧 sogndyreklinikk@gmail.com

😻Det er fortsatt 4 ledige plasser😻Vi deltek i år i eit samarbeid med Dyrebeskyttelsen Norge for å bidra til færre heimla...
12/03/2026

😻Det er fortsatt 4 ledige plasser😻

Vi deltek i år i eit samarbeid med Dyrebeskyttelsen Norge for å bidra til færre heimlause kattar.
I samband med Verdas kastreringsdag tilbyr vi rabattert kastrering og ID-merking av hunnkattar for dei som ikkje har høve til å prioritere dette økonomisk. Dyrebeskyttelsen Norge dekkjer inntil 2 500 kroner per katt (inkl. mva), for opptil fem kattar ved vår klinikk. Med litt rabatt frå klinikken sin side også, blir det berre 500kr å betale for ID-merking og kastrering her ☺️

Kastrering er det viktigaste tiltaket for å førebyggje uønskte kattungar og betre dyrevelferda. Tilbodet gjeld ut mars.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du trur dette tilbodet kan vere aktuelt for deg – eller for nokon du kjenner.

💉🐶🕷️ BRAVECTO 🕷️🐶💉Då er flåttsrsongen rett rundt hjørnet, og vi opnar difor opp for injeksjon med Bravecto att 👍🏼. Dette...
03/03/2026

💉🐶🕷️ BRAVECTO 🕷️🐶💉

Då er flåttsrsongen rett rundt hjørnet, og vi opnar difor opp for injeksjon med Bravecto att 👍🏼. Dette midlet beskyttar hundane mot flott EIT HEILT ÅR! ⭐️
For tinging av time, ta kontakt med Sogn Dyreklinikk på tlf. 57 11 20 40, eller på e-post: sogndyreklinikk@gmail.com.

☀️🌻NYT VÅREN - UTAN FLÅTT 🌻☀️

⛔ STENGT KLINIKK ⛔ Torsdag 19.02 og fredag 20.02 er klinikken stengt.
18/02/2026

⛔ STENGT KLINIKK ⛔

Torsdag 19.02 og fredag 20.02 er klinikken stengt.

🎄🌟OPNINGSTIDER I JULA 🌟🎄22/12: 08.00 - 15.3023/12: 09.00 - 12.0024/12: Stengt25/12: Stengt26/12: Stengt27/12: Stengt28/1...
17/12/2025

🎄🌟OPNINGSTIDER I JULA 🌟🎄

22/12: 08.00 - 15.30
23/12: 09.00 - 12.00
24/12: Stengt
25/12: Stengt
26/12: Stengt
27/12: Stengt
28/12: Stengt
29/12: 08.00 - 15.30
30/12: 08.00 - 15.30
31/12: Stengt
1/1: Stengt
2/1: 08.00 - 15.30

Vi ynskjer med dette alle to- og firbeinte kundar ei retteleg God Jul og eit Strålande Friskt Nytt År ⭐️.

Tusen takk for tilliten i året som har gått. Me gler oss til å ta vare på dyra dykkar også i 2026 🐶😺🐰.

Varm julehelsing frå alle tilsette ved Sogn Dyreklinikk ❤️.

ENDRE OPNINGSTID 11. DESEMBERVI HELD OPE FRÅ KL.10.00 TIL 15.30
10/12/2025

ENDRE OPNINGSTID 11. DESEMBER

VI HELD OPE FRÅ KL.10.00 TIL 15.30

27/11/2025

⚠️OBS ⚠️

Redusert opningstid 28.11
Klinikken opnar 09.30

🦷MÅNADENS PASIENT - BORR🦷Borr vart funnen i ein silo i Sogndal som liten kattunge – og vart adoptert saman med systera s...
16/11/2025

🦷MÅNADENS PASIENT - BORR🦷

Borr vart funnen i ein silo i Sogndal som liten kattunge – og vart adoptert saman med systera si, Tirill. Begge to bur no hos ein av klinikkassistentane våre – og lever det aller beste kattelivet 😻😻.
Då Borr nyleg plutseleg byrja å leggje att smular i matskåla og miste litt matlyst, var ikkje eigaren sein med å tinge time til undersøking hjå oss. Ved vanleg inspeksjon av munnhola såg vi ingenting dramatisk – kun litt irritasjon i tannkjøtet ved to tenner. Men då vi tok tannrøntgen, viste det seg at begge desse tennene hadde tannresorpsjon (TR, også kjend som FORL – feline odontoclastic resorptive lesions) – ein smertefull tannsjukdom hos katt, der kroppen sjølv bryt ned tanna. På røntgen ser slike tenner ofte mølletne ut 😿. Årsaka er ikkje heilt kjend, men både immunreaksjonar, genetikk og betennelse kan spele inn. Dette er faktisk ein av dei vanlegaste tannsjukdomane hjå katt; rundt ein tredel av alle kattar får TR i løpet av livet 🙀.
To av tennene til Borr måtte fjernast, og sidan har han vore sitt gamle, fornøgde eg att – matglad og smulefri.
Vi tilrår årleg helsesjekk av alle kattar – gjerne kombinert med vaksinering. Om vi ser teikn til irritasjon i tannkjøtet, tilrår vi ein ny time med tannrøntgen. Det er ofte den einaste måten å oppdage tannresorpsjon tidleg – før katten får vondt. Borr kjem no inn til tannrøntgen kvar sjette månad, slik at vi kan følgje med og fange opp eventuelle nye forandringar i god tid.
Takk til Borr og matmor for å minne oss på kor viktig det er å ta endringar i kattens åtferd på alvor – og for å vise kor viktig det er med jamlege tannsjekkar ❤️.

Adresse

Kloppavegen 5
Kaupanger
6854

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:00

Telefon

57112040

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sogn Dyreklinikk As legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Sogn Dyreklinikk As:

Del