28/12/2025
«Hei alle saman, Rasmus heiter eg! Eg har noko på hjarta, og håpar du deler dette innlegget slik at flest mogleg får lese det.
Eg håpar alle på Levanger og Frosta følgjer lova, og skyt opp fyrverkeri kun på nyttårskvelden mellom 18:00-02:00. Utanom dette tidsrummet, er det ikkje tillete for privatpersonar i Noreg å skyte opp fyrverkeri utan spesiell tillatelse.
Eg ynskjer at eg; Rasmus, og alle mine firebeinte vener; små som store, gamle som unge slepp å bli redde, og får ei fredeleg romjul.»
Fyrverkerireglane:👇
1️⃣. Planlegg fyrverkerioppskytinga i god tid
Finn ein egna stad, og rigg til for avfyring. Fyrverkeriet skal oppbevarast utilgjengelig for barn og uvedkommande.
2️⃣. Les bruksanvisning nøye før bruk
Set deg inn i produsenten sine anbefalingar, og legg mere til aldersgrensa. Det er 18 års aldersgrense for bruk av dei fleste typer fyrverkeri. Barn som brukar stjerneskot, skal støtt passas godt på av ein vaksen.
3️⃣. Kontroller at fyrverkeriet er heilt og utan synlege skadar. Skada fyrverkeri skal ikkje brukast eller kastas i søpla, men skal leverast attende til forhandlaren.
4️⃣. Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte
Bakkebatteri må plasserast på rett underlag og støttas opp.
5️⃣. Bruk tennstav
Ikkje bruk lighter, fyrstikker eller anna open flamme. Lunta er stutt og ei flamme kan setje fyr på bakkebatteriet direkte. Bruk istaden ein tennstav. Den får du vanlegvis kjøpt der du kjøper fyrverkeri.
6️⃣. Bruk beskyttelsesbrillar
For å unngå skadar på auge, bør du bruke bresyttelsesbrillar. Det får du tak i der du kjøper fyrverkeri.
7️⃣. Bøy deg aldri over fyrverkeri som er tent på
Inne i fyrverkeriet er det ofte ei hurtiglunte som brenn svært raskt. Difor kan fyrverkeri avfyras brått og uventa. Når du har tent lunta, bør du raskt snu ansiktet burt, og kome deg på trygg avstand.
8️⃣. Ikkje tenn fyrverkeriet på nytt dersom det ikkje blir tent ved fyrste forsøk
Sjølv om lunta ser ut til å vere sløkt, kan det vere ei lita glo som ulmer. Fyrverkeri som ikkje blir tent ved fyrste forsøk skal stå i 30 minutt, eller dynkas grundig i vatn før det fjernast. Det skal ikkje kastas i søpla, men leverast attende til forhandlar. Husk at barn gjerne brukar nyttårsdagen til å samle opp fyrverkeri, så rydd opp etter deg.
9️⃣. Hald god avstand frå oppskyting
Fyrverkeri inneheld ekplosivar som kan gje alvorlege skadar.
🔟. Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman
Med alkohol i blodet reagerer du saktere. Du får også dårlegare vurderingsevne.
1️⃣1️⃣. Forskrift om lokale forbudssoner for bruk av fyrverkeri, Levanger kommune, Trøndelag:👇
https://lovdata.no/dokument/LTII/forskrift/2024-12-18-3453
MED EIT YNSKJE OM FORTSATT GOD JUL & GODT NYTTÅR💫
Frå Rasmus, og alle vi i Levanger Brann og Redning