Helland Healing

Helland Healing Helland Healing eiges og drives av Healer Thore Helland. Ring 926 56 768 for timebestilling, eller ein prat.

Thore er frå Radøy, og har over 20 års erfaring med Healing som virkemiddel for å løyse opp i sjukdomsrelaterte spenninger og blokkeringer.

13/03/2020

Hei!

P.g.a Koronaviruset vil eg no berre kunne tilby fjernhealing. For spørsmål / timebestilling send P.m. eller ring 92656768.

27/11/2019

Heisann!
Har ledige healing timer. For innfo / bestilling, ring 92656768

Thore du må ikkje sova no..Det var ein haustkveld i 1996 min åndelige utvikling begynnte. Eg var i Modalen på sauesankin...
28/03/2019

Thore du må ikkje sova no..

Det var ein haustkveld i 1996 min åndelige utvikling begynnte. Eg var i Modalen på sauesanking. Me satt på sankehytta og snakka om laust og fast. Eg fortalde om ryggen og hofta mi som ikkje var heilt bra etter mangen år med tungt gårdsarbeid, og saueklypping rundt om hjå bønder i Nordhordland.

Det var då ein av dei andre sankerene fortalde om hjelpen han hadde fått hjå ein alternativ behandler i Bergen. Han meinte eg måtte prøve å få hjelp der sidan han hadde fått god hjelp til sin rygg. Då eg kom heim igjen etter sankinga den helga ringte eg og fekk meg ein time. Det var nesten 1 års ventetid på å få komma til. Det var ein spent Thore som etter nesten eit år reiste til bydn for å få hjelp med rygg og hofte. Joda eg fekk hjelp til rygg og hofte, og ein del innlæring om korleis psyken påvirker oss. Og om åndelige søken og utvikling. Eit par år etterpå fekk eg høyre ein av mine åndelige hjelpere sei til meg «Thore du må ikkje sova no».

Då hadde eg sovna bak rattet på veg heim fra sauesanking ein mørk hauskveld. Då eg høyrde «Thore du må ikkje sova no» våkna eg og vart redda fra å havna i ei ulykke. Etter dette vart eg meir og meir overbevist om at det finst meir i mellom himmel og jord enn kva me greier å sjå med det blotte auga.

Har etter dette tatt ein rekke kurs innan healing, kanalisering og medlemskap.

Rett før jul i 2008 fekk eg ein ny beskjed, den lærte meg den healing teknikken eg bruker no. Når nokon kontakter meg for å få healing, så kjenner eg i kroppen min om det er ein sorg, traume, bekymring, sinne o.l som er årsaken til energiblokkeringen som lager sjukdommen. Ved å løyse opp i sorg, traumer, bekymringer, sinne o.l så gjer musklene slepp på spenningane som lager energi blokkeringer i kroppen slik at energien flyter igjen i kroppen og sjukdommer forsvinner.

Det som skjer og er at den gleden som har vore gjøymt bak sorg, traumer, bekymringer, sinne o.l kjem fram igjen. Ofte greier kunden å kjenne denne gleden når den kjem fram igjen. Ein kan og sjå og kjenne at musklane gjer slepp, då gjer muskelen eit lite hopp. Det er sånn at ein må oppleve ein del ubehag før det begynner å verte smerte av det. Og visst ein går lenge med smerte, så kan det ha vorte lagra mange dårlege opplevelser i den same smerten. Då må ein kanskje løyse opp i mange ting før smerten forsvinner.

Adresse

Lervikvegen 80
Manger
5936

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 09:00 - 19:00
Fredag 09:00 - 16:00

Telefon

+4792656768

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Helland Healing legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Helland Healing:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram