25/01/2026
DET ER STORDALSHALLEN SIN DAG I DAG 👏👏👏
Dagens dato er verd å dvele litt ved, for dei mange som har eit nært og kjært forhold til Stordalshallen. Nettopp den 25. januar, i 1997, vart nemleg storstova vår offisielt opna.
Det betyr elles også at det er klart for nytt, stort jubileum neste år.
På jibbursdagen, har vi besøk av rundt 50 gjestar frå Ulsteinvik Skulekorps. Dei er her for 10. året på rad og før ankomst hadde Magne vore innom og fyllt opp kjøkkenet med matvarer. I løpet av øvingshelga har dei også fått instruksjon av Helga og Kjell i klatreveggen og Stig og Lars Johan på skytebana.
Når fornøgde ulsteinvikarar reiser heim i ettermiddag, står ein ny dugnadsgjeng klar for å fullføre oppussinga av grendasalen og Vinjegrenda er i full gong med innspurten av førebuingane til Årsfesten, siste helga i vinterferien.
Kjekt å formidle at alt er ved det vanlege når det gjeld Stordalshallen, ikkje minst på ein dato som denne.
Gratulerer med dagen! 🥰
https://www.facebook.com/share/1CuNUuxmK3/
GRATULERER MED DAGEN!
For nøyaktig 25 år sidan, dvs 25. januar 1997, vart Stordalshallen offisielt opna. Opningsfesten stod i stil med den eventyrlege innsastsen som vart lagt ned for å realisere planane og både denne og eit tilbakeblikk på byggeperioden kan vi kose oss med, takka vere filmen som vart laga den gongen. (sjå lenke i kommentarfeltet)
Ordførar Olav Bratland tok det første spadetaket fredag 14. oktober 1994 og det markerte då starten på det som m.a. vart omtala som norgesrekord med tanke på dugnadsinnsats. Den store dugnadsgeneralen var Einar O Hove, med langt over tusen dugnadstimar. Paul Stavseng var dugnadsleiar og såg til at alt av arbeid utført på dugnad stetta etter måten strenge krav både i høve til estetikk, sikkerheit og anna. Eit heilt lokalsamfunn stilte opp og det uansett om dei hadde vore for eller imot vedtaket i kommunestyret sommaren 1993. Det var nemleg då eit stort fleirtal stemte for å løyve kommunale midlar til prosjektet og ein kunne sette igong. Leiaren i byggenemnda, Kristen Leganger, kunne m.a. stolt meddele til NRK at det var utført rundt 23 000 dugnadstimar. Med seg i byggenemnda, hadde han Leif Dybdal og Sivert Petter Dyrkorn. Litt seinare vart nemnda utvida med Per Anker Vad (Stordal IL) og Randi Støle (Stordal Ungdomslag). Det første, av totalt 44 møter, hadde nemnda den 15. november 1993. Vi kan i dag ikkje minst gle oss over det arbeidet nemnda fekk utretta og då også med tanke på det fokuset denne hadde på fleirbruk og nytteverdi. Her er det også på sin plass å trekkje fram han som hadde ansvaret for den arkitektoniske utforminga, nemleg John Stavseng. Han tok til med denne jobben tidleg i 1994.
I tillegg til innsatsen nemnt ovanfor, er det viktig å trekke fram at det ikkje hadde vore mulig å gjennomføre planane om å få storstova på plass om det ikkje var for den støtta lokalt næringsliv bidrog med. At lag og organisasjonar stilte opp som dei gjorde, like eins. Sist, men ikkje minst var det sjølvsagt også avgjerande at ein fekk løyvd spelemidlar til prosjektet.
Ser ein tilbake på prosessen - og då med tanke på at denne vart realisert i eit lokalsamfunn med vel tusen innbyggjarar, og det at det no er over 30 år sidan den starta - er det truleg ikkje å ta for hardt i når ein omtalar denne som eventyrleg.
Realiseringa av Stordalshallen er det beste dømet på at det meste er mulig å få til så lenge viljen og evnen til å dra i samme retning er til stades. Når så eit heilt lokalsamfunn stiller opp - slik tradisjonen alltid har vore i Stordal - kan ein faktisk oppleve å få utretta det som i utgangspunktet nærast må kunne hevdast å vere utenkjeleg.
Men det var langt frå opplagt at at ein skulle kome dit hen at kommunestyret fatta vedtaket som bidrog til at ein kunne sette i gong. Skepsisen til det heile var stor blant mange. Ein ting var kostnadane knytt til det å få sjølve bygget på plass. Kostnadar som for ei lita kommune var betydelege. Ein annan ting, fleire var bekymra for, var dei årlege kostnadane knytta til drift og den belastninga dette ville bli for kommunen. Det vart då m.a. vist til det som var tilfelle i andre kommunar, som hadde satsa tilsvarande, og at dette ville kunne få store negative konsekvensar for det øvrige tenestetilbodet.
Av fleire som i mange år jobba aktivt for å overtyde både kommunestyret og andre, er det nok ikkje feil å trekkje fram Olav Bratland (då varaordførar). Om - og evt når - Stordalshallen ville blitt ein realitet, om det ikkje var for pådrivarar som dette, er ikkje godt å seie.
Med den staselege opninga for 25 år sidan, hadde stordalingane og dyrkornbygdarane i fellesskap klart å realisere planane om å få på plass eit praktbygg som femna om det meste. Når ein no ser tilbake på 25 år med drift, ser ein verkeleg kor viktig det var at bygget opna opp for så mange ulike aktivitetar som det faktisk gjer. I tillegg ser ein også kor viktig det var at dugnadsarbeidet vart utført på ein så grundig og god måte som det vart - i tillegg då at ein, som nemnt, truleg sette norgesrekord. For Stordalshallen sine mange besøkjande, er det vanskeleg å forstå at det verkeleg er mulig å få til noko slikt og at den vart opna så tidleg som i 1997 forstår knapt ingen.
Ein kan vel eigentleg aldri takke for ofte, alle dei som på ulikt vis var med og bidrog til at Stordalshallen kom på plass. På ein dag som denne er det i alle fall verkeleg på sin plass å få gjort det.
Den pågåande pandemien har resultert i at det er vanskeleg med noko storstilt feiring i dag, men i løpet av jubileumsåret satsar vi på å få markert dette skikkeleg og det på fleire ulike måtar. Ikkje minst er det naturleg å få presentert eit tilbakeblikk på desse 25 åra med drift. Det er ikkje reint lite som har skjedd i løpet av den tida, for å seie det sånn… Så har vi også god tradisjon på å markere ekstra at Stordalshallen feirar jubileum i samband med Årsfesten og det er sjølvsagt ingen grunn til å gjere mindre ut av det, når Stordalshallen no har 25 årsjubileum!
Det er med andre ord mykje kjekt å sjå fram til folkens!
GRATULERER MED DAGEN, ALLE SAMAN!