Fysioterapeut Astrid Rydland Aasen

Fysioterapeut Astrid Rydland Aasen Fysioterapeut, kostholdsveileder som tilbyr komplett helseveiledning online eller på Feel24 Narvik/Ankenes.

For ein milepæl! Både for Tromsøundersøkelsen og for meg. Tenk at min aller, aller første PT-kunde skulle bli deltakar n...
18/12/2025

For ein milepæl! Både for Tromsøundersøkelsen og for meg.

Tenk at min aller, aller første PT-kunde skulle bli deltakar nummer 10.000 i Tromsøundersøkelsen!

Eg har fått trent Håvard i snart 7 (!) år. Gjennom oppturar og nedturar. Gjennom skadar og vondtar, tilbakesteg og travle periodar. Men òg gjennom hundrevis av rekordar, uoppnåelege mål som plutseleg var oppnåelege, tårevåte comeback (eg står for 100% av tårene), og enorm treningsglede.

Sjølv utan å ha fått resultata frå Tromsøundersøkelsen, kan eg slå fast at den biologiske alderen hans er langt yngre enn fødselsåret skulle tilseie. Ikkje fordi han har vore ekstrem, men fordi han over tid har gjort mange små, kloke valg for helsa si. Han har trent tålmodig, grundig og fornuftig.

For meg er Håvard eit prakteksempel på den typen folkehelse vi ønskar oss. Ikkje motivert av prestasjon eller perfeksjonisme. Berre robust, funksjonell og i stand til å leve livet sitt med overskot.

Dette er grunnen til at eg brenn for faget mitt.

Små val over tid har utan tvil store ringverknader.

Er du ikkje nordpå om sumaren, ferierer du i feil del av landet 💁‍♀️
21/07/2025

Er du ikkje nordpå om sumaren, ferierer du i feil del av landet 💁‍♀️

Skreiv ein lang tekst her som eg klarte å slette 💁‍♀️Så lat oss oppsummere punktvis: • Det var kjekt å vere studiementor...
11/05/2025

Skreiv ein lang tekst her som eg klarte å slette 💁‍♀️

Så lat oss oppsummere punktvis:
• Det var kjekt å vere studiementor
• Eg er stolt over studentane
• ABEL gjer ein fenomenal jobb for folkehelsa i Noreg
• Mentorteamet er min type folk
• Eg har gått mykje i kjole
• Det er varmt i Oslo
• Eg har dusja 3 dagar på rad
• Kvardagen eg skal heim til er god
• Olof Kullberg tar gode bilete
• Eg gløymde å kjøpe laurdagsgodt

Takk 🥹

Har du merka kor tungt det er å gjere LITT framfor å gjere alt perfekt? Eller kor freistande det er å gje opp når ein ik...
13/02/2024

Har du merka kor tungt det er å gjere LITT framfor å gjere alt perfekt? Eller kor freistande det er å gje opp når ein ikkje meistrar noko umiddelbart?

Hjernen vår er konstant på jakt etter rask belønning. Belønning er fint, og det er viktig å kjenne på meistring og glede. Men denne jakta på raske resultat kan òg vere den største sabotøren når det kjem til langvaring jobbing og langvarige resultat.

Heldigvis kan ein øve på dette; å gjere litt framfor å gje opp. Å godta at progresjon er viktigare enn perfeksjon. Å sjå dei små framstega framfor å jakte etter dei store.

Dette er fantastisk mental trening, som gjer oss betre rusta til å takle alle typar utfordringar i kvardagen.

Eg seier det igjen: Vi blir berre gode på det vi øvar på.

Kva treng du å øve på framover?

🤧 Så sat ein der då, med hoste og rennande nase 🤧Eg hadde gledd meg til ei ny treningsveke, og sett fram til å nå nye mi...
07/02/2024

🤧 Så sat ein der då, med hoste og rennande nase 🤧

Eg hadde gledd meg til ei ny treningsveke, og sett fram til å nå nye milepælar. Men så vart eg sjuk.

For nokre år sidan hadde eg gått heilt i kjellaren av det. Blitt fortvila over at treninga ikkje gjekk etter planen, grubla over kva eg skulle gjort annleis, og vore frustrert over manglande progresjon.

I tillegg hadde eg kanskje tenkt tankar som "no er alt øydelagt, så då kan eg berre sleppe heilt opp på dei gode matvanene òg".

Men ville det vore til hjelp? Ville det gjort meg raskare frisk eller sikra betre progresjon? På ingen måte. Det einaste det ville ført til (ofte), var at eg begynte å trene igjen for tidleg, og med dette forlenga sjukdomsperioden.

Kroppen vår er ikkje ein evighetsmaskin. Den har behov for både aktivitet og kvile. Det har den alltid hatt, og det vil den alltid ha.

Det å ta vare på kroppen handlar ikkje berre om å trene. Det handlar om å kvile når ein treng det.

Dersom du ivaretar begge desse behova, vil du kunne sikre varig og god treningsglede, og redusere risikoen for langvarige skadar og sjukdomsforløp. Det tenker eg er eit fint mål å ha.

Eg vil med dette oppmuntre deg til å snakke fint til deg sjølv og kroppen din. Gje den det den treng. Det er dette du kjem lengst med!

Nydeleg levert i 2023, P**l 👏👏
29/12/2023

Nydeleg levert i 2023, P**l 👏👏

🫶🏻 Å få dele 🫶🏻Poeten Henry Wadsworth Longfellow sa følgande:"Give what you have. To someone, it may be better than you ...
01/12/2023

🫶🏻 Å få dele 🫶🏻

Poeten Henry Wadsworth Longfellow sa følgande:
"Give what you have. To someone, it may be better than you dare to think."

På alle område i livet treng vi å forvalte, meir enn å berre bruke. Alt i frå tid til talent til pengar, med meir.

Av og til må vi minne oss sjølve på at det vi har, kan og bør delast. Ikkje fordi det gjer ein til eit betre menneske, men fordi det kan hjelpe ein til å bli ein betre forvaltar.

Det kan gjere ein meir skjerpa i prioriteringar, og ein set meir pris på det ein sit att med.

Eg driv eit lite firma, men har likevel fått gleda av å dele med andre.
Summen på biletet har eg fordelt på organisasjonar som betyr noko for meg.

Nokre døme er:
- Redd barna
- Plan international
- Sygna vidaregåande skule
- Wycliffe
- Glocal
- m.m.

Å systematisk setje av pengar til andre enn seg sjølv, er ei fantastisk øving i å gje slepp på kontroll, i å dele, og å tole at ein ikkje fekk akkurat det ein ville ha, til akkurat det tidspunktet ein ville ha det.

Eg deler ikkje dette fordi eg vil ha skryt, eller for å framstå på den eine eller andre måten. Eg deler først og framst for å vise at det er mogleg, og at det kjem ein sjølv til gode i form av sjølvdisiplin, i tillegg til at ein får hjelpe andre.

Med ønske om ei fredfull adventstid, og avslutning på året

Nokre tips og refleksjonar rundt vektoppgang under vektnedgang 🫶Her får du sjå korleis vektloggen ser ut til ein kunde s...
06/11/2023

Nokre tips og refleksjonar rundt vektoppgang under vektnedgang 🫶

Her får du sjå korleis vektloggen ser ut til ein kunde som har gått ned 9 kg på 3 mnd.

Ha ei god veke ✨

Adresse

Kongens Gate 54
Narvik
8514

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fysioterapeut Astrid Rydland Aasen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Fysioterapeut Astrid Rydland Aasen:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram