06/08/2025
Er du leiar, eller berre opptatt av sjukefråvær? Under ⛵☀️ Arendalsuka gjev vi deg moglegheit til å spørje eit knippe av våre fagfolk om akkurat det du lurar på om sjukefråvær!
AiR har i nærare 40 år støtta sjukemeldte tilbake i jobb. I desse åra har vi hjelpt meir enn 25 000 menneske, hausta mange erfaringar og bygd opp solid kompetanse som vi gjerne delar.
Difor stiller vi rett og slett opp med eit tverrfagleg team som svarar på dine spørsmål om sjukefråvær:
👩💼 Hilde Rinden, fagleg rådgjevar arbeid
🩺 Elisabeth Swensen, overlege
💪 Sara Chopra, fysioterapeut
Du får også høyre Einar Espolin Johnson, som fortel kvifor Akademikerne Pluss set i gang førebyggande tiltak for å få ned sjukefråværet blant sine medlemmar. Kva treng dei?
Du treffer oss her:
📅 12. august kl. 12.00
📍Auditoriet i Arendal bibliotek, like ved torget
Finn ut meir: https://www.arendalsuka.no/programsoek/details/2950
Vi har rekordhøgt sjukefråvær. Kvifor er det slik? Kva treng arbeidstakarane, og kva bør leiarar vera merksame på? Einar Espolin Johnson, administrerande direktør i Akademikerne Pluss, presenterer funn frå "Akademikerpanelet". Han fortel kvifor dei ser etter løysingar og førebyggande tiltak...