Brunsj & Briller

Brunsj & Briller Åpningstider 17.08-29.08:
Kafé: Tor og fre: 11-17 | Lør: 11-16
Synsprøver på førespurnad, tlf 930 77 530. (Åpningstider på Google er alltid oppdaterte)

Adventstid betyr også litt fleksible åpningstider hjå oss 🎄
Desember er alltid ein spesiell månad– folk haster mellom ju...
01/12/2025

Adventstid betyr også litt fleksible åpningstider hjå oss 🎄

Desember er alltid ein spesiell månad– folk haster mellom julegåvehandling, pepperkaker, vasking, julebord og avslutninger, og vi merker også at det blir stillare i kaféen. I tillegg har vi innimellom private arrangement på huset på kveldstid. Åpningstidene våre kan difor variere litt frå veke til veke fram mot jul.

Men! Vi lover å halde dykk oppdatert, og Google har alltid dei ferskaste tidene 💚 Vi skal også legge ut veke for veke på Instagram og Facebook.
Stikk gjerne innom oss når du treng ein pust i bakken, ein kopp kaffe eller nye linser, briller eller solbriller (kanskje det faktisk burde vært på gåvelista? 😉). Hugs at vi også sel gåvekort.

Vi nytter også høvet til å fortelle dykk at denne veka blir siste moglegheit i 2025 til å få Brunsj & Briller sin deilige pizza og ellers vår ordinære meny! Frå neste veke kjem vi til å køyre adventsmeny med julefjøl og ei anna overrasking. Følg med!🤩

No er vi endelig klare med programmet for romjula. Vi kjem til å halde: Romjulsquiz 28. desember kl 19.00. Koster 50,- p...
01/12/2025

No er vi endelig klare med programmet for romjula. Vi kjem til å halde:

Romjulsquiz 28. desember kl 19.00. Koster 50,- per person. Maks 6 stk per lag for å vere med å knive om premie. Påmelding på Brunsj & Briller sin Messenger. Her bør ein vere snar om ein vil ha plass, det bruker å bli fullt!

Romjulspub 29. desember kl 21.00. Her kjem DJ Petter Lavern, heilt frå Bergen by. Cc. 325,- per person. Ikkje mogleg å få returnert penger for kjøpt billett. Men du kan selge vidare til stakkar som var for sein med å melde seg på.
Påmelding på Brunsj & Briller sin Messenger.

Vi har kursweekend og menyen vår vil dermed vere noko redusert fredag og lørdag. Her ser du vekas rett som er minestrone...
24/10/2025

Vi har kursweekend og menyen vår vil dermed vere noko redusert fredag og lørdag. Her ser du vekas rett som er minestronesuppe😋
I tillegg vil vi servere:
- pizzasandwich med serranoskinke, ruccola og mozzarella
- BLT med eller utan kylling
- Mango- og kyllingsalat

Alt av boller og kaffi.

🎻 Etter ferdasvegen – med Øystein Rudi og Geir Marius ThorudTo av landets mest leikne spelmenn tek deg med på ei musikal...
20/10/2025

🎻 Etter ferdasvegen – med Øystein Rudi og Geir Marius Thorud
To av landets mest leikne spelmenn tek deg med på ei musikalsk reise langs gamle ferdavegar – med drivande slåttar, gode historier og humør som sit i!💫 Ei morostund du ikkje bør gå glipp av! Mandag 27.10 kl 19.00. Billett 300,- selgjast i døra. Dørene åpner kl 18.00. Vi sel kaffi og noko attåt.

🎻 Etter ferdasvegen – med Øystein Rudi og Geir Marius Thorud 🎶

Spelmenn har alltid vore på farten – der folk samlast, der musikken lever, og der nye impulsar ventar!
I same ånd som Fel-Jakup, lasskjørarane og dei gamle ferdafolket, reiser Øystein og Geir Marius vidare i tradisjonen – med tonar, historier og humor frå liv etter ferdasvegen.

Her får du høyre drivande spel, mollstemte polskor og gode forteljingar – alt krydra med lune glimt frå spelmannslivet i Gudbrandsdalen og vidare austover mot Røros. Ei musikalsk reise du seint vil gløyme!

🪗 Om dei to dyktige musikarane:
Geir Marius Thorud – spelmann, tradisjonsbærar, hestekøyrar og allsidig handverkar. Ein sosial musikar med torader, trekkspel og kontrabass – og musikalske vener over heile Norden. Når Fron Lasskøyrarlag legg ut på tur til Røros midtvinters, er trekkspelet sjølvsagt med på lasset!

Øystein Rudi – spelmann og kulturgardbrukar på Rudi Gard. Med tre Landskappleik-sigrar og fire Spellemannsprisar i bagasjen, har Øystein vore ein sentral figur i folkemusikken i fleire tiår. Han har vore leiar i Sør-Fron Spelemannslag og direktør for Gudbrandsdalsmusea – men hjartet bankar alltid for fela og forteljinga.

🎤 Som Bjarne Tormodsgard sa det:

«To dyktige spelemenn, to knakande gode historieforteljarar. Forteljarkonserten til duoen Øystein Rudi og Geir Marius Thorud er ei musikalsk humorreise av det sjeldne. Karane serverer drivande spel krydra med gode historier og intelligent på kanten-humor. Kort sagt - ei morostund du ikkje bør gå glipp av om du treng påfyll av godt humør».

💫 Bli med på reisa – etter ferdasvegen!

Sjå kva som vitjar menyen vår denne helga: Spicy salamipizza med dadler!!😋🤤
17/10/2025

Sjå kva som vitjar menyen vår denne helga: Spicy salamipizza med dadler!!😋🤤

Puh… for nokon herlig hektiske sommarmånader vi har hatt! 🤩Hundrevis av BLT og pizza er laga, seld og fortært, tusenvis ...
01/09/2025

Puh… for nokon herlig hektiske sommarmånader vi har hatt! 🤩

Hundrevis av BLT og pizza er laga, seld og fortært, tusenvis av kaffe, is har smelta… og vi har sprunge meir enn vi har gått! 🏃‍♀️💨�Vi har hatt det morsomt og møtt masse fantastiske folk! 💛 Tusen takk til alle dykk som har vore innom og gjort sommaren vår magisk 🙌

Og ikkje minst tusen takk til JENTENE VÅRE, EKTE HELTINNER! 🙌
Dei har stått på, smilt, servert, rydda, vaska, baka, kutta, ordna, og holdt koken gjennom sommerkaoset – vi er så stolte! 💪

No tek vi ei lita pause for å puste, ete pizza og kake vi ikkje har bakt sjølv og finne ny inspirasjon 😎

✨ Kaféen held stengt fram til 1. oktober ✨�MEN, for dei som lengter etter nye briller eller ei oppfriskning på stilen, så åpner brilleavdelinga allerede ei veke før, 24. september 🤓🕶️

Vi har sagt det før og meiner det fortsatt heilt seriøst: Vi har verdens finaste og beste kunder!
Gler oss masse til å sjå dykk alle igjen.

God seinsommar så lenge! 🌻

Her er åpningstidene våre, siste veka før vi tek sommarferie🙋🏻‍♀️
26/08/2025

Her er åpningstidene våre, siste veka før vi tek sommarferie🙋🏻‍♀️

Vi har lapskaus til dansefolket (og alle andre)!
07/06/2025

Vi har lapskaus til dansefolket (og alle andre)!

01/05/2025
Vekas rett er heimelaga (sjølvsagt) meksikansk gryte med deilig tilbehør😋
25/04/2025

Vekas rett er heimelaga (sjølvsagt) meksikansk gryte med deilig tilbehør😋

Her kjem åpningstidene våre for påska 2025🐣🐥☀️Tysdag 15. april blir det påskequiz på Brunsj & Briller kl 20.00. Vi var i...
07/04/2025

Her kjem åpningstidene våre for påska 2025🐣🐥☀️

Tysdag 15. april blir det påskequiz på Brunsj & Briller kl 20.00. Vi var i stuss om vi fekk det til denne gongen, men vi køyrer på! Meld på laget ditt allerede i dag på Brunsj & Briller sin messenger! Dørene åpner kl 19.00😃

Onsdag 16. april: (tidspunkta kan vere forvirrende, her må ein ha tunga beint i munnen)
Kafé open 11.00-14.00.
Frå kl 14.00-17.00 blir det Bygdeboomerang!🏘️🏔️🪃Her samarbeider Brunsj & Briller med næringslivet i Jølster og Skei miljøutvikling. Om du vurderer å flytte (tilbake?) til den vakre bygda vår, eller berre lurer på kva som rører seg, kjem vi til å ha kjekke innslag frå folk og bedrifter i området. Det vert servering av drikke og fingermat frå Circle K og Brunsj & Briller.
Vi avslutter dagen med afterski frå kl 20.00. DJ Strøm tek med platespelaren sin og speler opp til dans.
For dei som deltek på dagarrangementet, blir det gratis inngang på kveldstid. Det er diverre ikkje nok å møte opp på dagtid kun for billett. Pris for billett på kveld er 250,-.

Etter desse dagene tek vi fri og held stengt heile påska.

Adresse

Ospene 7
Skei
6843

Åpningstider

Torsdag 11:00 - 17:00
Fredag 11:00 - 17:00
Lørdag 11:00 - 16:00

Telefon

+4741933234

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Brunsj & Briller legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Brunsj & Briller:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram

Type