03/09/2021
SPØRSMÅL OG SVAR OM VAKSINERING 😄
1. Kvifor vaksinerer de ikkje på skulane?
Vi har eit etablert vaksinasjonslokale som er godt eigna for massevaksinering. I tillegg til det publikum ser, så sit det mange og jobbar i kullissene som driv med opptrekk av vaksiner og anna førebuing, samt tar i mot viktige beskjedar på telefon og mail. Vi har lege i beredskap, samt fasilitetar til å ta i mot dei som av ulike årsaker treng tilrettelegging i forbindelse med vaksinering. FHI er klare på at det er anbefalt å bruke allereie etablerte vaksinasjonslokalar for å sikre god beredskap. Vi ser at det systemet vi har no er godt tilrettelagt for å best mogleg vare på dei som kjem for å ta vaksine hos oss.
2. Eg har ikkje bank ID, kva gjer eg då?
Naturleg nok manglar mange av dei yngste bank ID. I dei tilfella er det berre å ta kontakt med oss så legg vi inn time manuelt.
3. Eg er engstelig for å ta sprøyter, korleis gjer vi det då?
Meld gjerne inn på førehand, så skal vi legge til rette for at vaksinering blir så lite skummelt som mogleg. Det går også an å gi beskjed når ein kjem, så finn vi ei løysing.
4. Når skal dei mellom 12-15 få vaksine?
Vi jobbar med å planlegge vaksinering av den yngste aldersgruppa, og det vil bli informert om dette gjennom våre og skulen sine kanalar. Følg berre med 😊
Fleire spørsmål? Skriv gjerne i kommentarfeltet under, så kan vi svare så godt vi kan. Hugs at spørsmåla må vere generelle slik at ikkje sensitiv informasjon blir utlevert.
DEL GJERNE 🥰