Muritunet

Muritunet Spesialisert, medisinsk rehabilitering etter avtale med Helse Midt-Norge. Vil ikkje ha kommersielt erverv. Døgnavdeling Valldal og dag/poliklikk Moa.

Ideelt AS eigd av kommunane i Møre og Romsdal, Fylkeskommunen og Nasjonalforeningen for folkehelsen. Senteret ligg heilt ved fjorden nært sentrum i Valldal.

18/12/2025

Når du vil ha noko søtt til jul,
men også ta vare på kroppen 🎄🍪

Daddelgodis med havregryn.
Enkelt. Naturlig. Skikkeleg godt.

Lag på få minutt, perfekt som liten snacks i jula.

Takk til ernæringsrådgivar & kokk Solfrid
👉 Oppskrifta ligg på muritunet.no
💙 Følg oss for tips til bedre helse





08/12/2025

5 tips til ei sunnare jul 🎄✨Ernæringstips treng ikkje vere kjedeleg!

Våre dyktige og artige ernæringsrådgivarar har nokre smarte råd før jula slår til for fullt:

✅ Et regelmessige måltid – sjølv i jula!
🥦 Husk grønsaker, frukt og bær
💧 Saltsug? Det kan vere kroppen som seier du er tørst
📵 Legg vekk skjermen når du et – nyt maten!
♻️ Et restemat – spar pengar, tid og miljø

Kose deg, og husk å gjere noko som er bra for helsa sjølv i jula❤️

God frå alle oss på Muritunet

28/11/2025

Vår dyktige ernæringsrådgivar og kokk Solfrid har gitt nytt liv til det ho kallar «Grøn og guddommeleg salat» – ein frisk og smakfull variant av den virale TikTok-salaten Green Goddess.
Salaten er ikkje berre fin å sjå på, men full av smak med ein grøn dressing som gir det litt ekstra!

Den har mange bruksområder:
✅ Perfekt som tilbehør til kvit fisk
✅ Nydelig til kjøtt
✅ Frisk i sandwich
✅ Super som lunsj

👉 Du finn oppskrifta i kokeboka til Muritunet, lenke i kommentarfeltet.

I dag har Muritunet, avd. Moa gjennomført si siste økt i opplæring av Pain Reprocessing Therapy (PRT). Peter Solvoll Lyb...
21/11/2025

I dag har Muritunet, avd. Moa gjennomført si siste økt i opplæring av Pain Reprocessing Therapy (PRT). Peter Solvoll Lyby har nok ein gong teke turen til oss. Han har bidratt med nye teoretiske innputt til våre tilsette og utfordra oss i nye teknikkar. Vi har også hatt gode refleksjonar om erfaringar så langt i bruk av metoden. Til dei som lurer; PRT viser lovande resultat!! Avd. leiar Nina har saman med dei tilsette jobba grundig og godt i prosessen med implementeringa. Gleder oss til fortsettelsen!!

Usikker på kva du skal ha til middag? 🥬📕Mat er ein viktig faktor for helsa vår og Muritunet ønskjer å gjere det enkelt f...
17/11/2025

Usikker på kva du skal ha til middag? 🥬📕Mat er ein viktig faktor for helsa vår og Muritunet ønskjer å gjere det enkelt for deg å ta gode val.

I 2018 starta vi eit prosjekt for å hjelpe pasientane våre med å ta med seg gode matvanar heim. Resultatet? Ei digital kokebok med oppskrifter som følgjer Helsedirektoratet sine råd for kosthald og ernæring.

✅ Sunne og smakfulle måltid
✅ Gode råvarer og fine fargar
✅ Enkle oppskrifter som gir deg energi og trivsel

Vårt mantra er: «Mat som gjer deg godt» – og no kan du få inspirasjon rett frå Muritunet sitt kjøkken.

👉 Klikk her og finn din neste favorittrett: https://muritunet.no/kokeboka

12/11/2025

Lag julekrans med Muritunet 🎄

Rehabilitering handlar om meir enn trening, samtaleterapi og ernæring. Vi skapar også rom for trivsel og kreativitet på vårt aktivitetsrom. I førjulstida er det ekstra fint å finne små augeblikk av ro og meistring.

Vil du lage din eigen julekrans?

👉 Sjå videoen eller klikk på lenka: https://muritunet.no/artiklar/julekrans-slik-lagar-du-julekrans

God førjulstid frå oss på Muritunet! 🎀

05/11/2025

📵 Stopp og scroll! 📵

Dette er ei lita påminning til alle som brukar sosiale media litt meir enn dei eigentleg burde.

❓Still deg sjølv spørsmålet: Kvifor sit eg på telefonen no? Kanskje finst det noko anna du heller kunne gjort – noko som gir deg meir glede på sikt.

🏋️ Legg frå deg telefonen og bli med oss – ta 10 mageøvingar saman med oss! 💪

Vi på jobbar kvar dag for betre helse 💙 Hjelp oss med å dele bodskapet! 💌

Kvifor vel vi ofte den enklaste vegen? ⚖️Motstand gir vekst. Likevel unngår vi ofte ubehag fordi det krev meir – eller f...
04/11/2025

Kvifor vel vi ofte den enklaste vegen? ⚖️

Motstand gir vekst. Likevel unngår vi ofte ubehag fordi det krev meir – eller fordi vi er redde for å feile. Vi lever i ei tid der vi leitar etter enkle løysingar – ein tablett for alle problem. Dessverre finst det ingen snarvegar som gir varige resultat, fordi det er motstand som gir resultat.

🌐Les meir - Kvifor du bør bli glad i motstand? 🔗 https://muritunet.no/artiklar/har-du-nokon-gong-valt-den-lettaste-l%C3%B8ysinga-og-angra-etterp%C3%A5

27/10/2025

Legg vekk mobilen og bytt den ut med grønsåpe!

🫧🧽 Visste du at vi i Noreg brukar 3–4 timar på mobilen kvar dag?

☝️ Om du heller brukar éin time på fysisk aktivitet, til dømes husvask – kan du faktisk dekke det anbefalte nivået for dagleg aktivitet.

📵 Sitt du framleis på sofaen og scroller? Kast telefonen og ta fram moppen i staden!

23/09/2025

🧠 Korleis jobbar FOU på Muritunet? Muritunet samlar inn data før, under og etter rehabiliteringsopphaldet

🎯 Målet er kvalitetsforbetring og utvikling av framtidsretta rehabilitering som gir varig effekt.

📈Forskings- og utviklingsarbeidet bidreg til høg kvalitet samt målbare effekt av rehabiliteringstenestene.

FOU fungerer òg som eit innovativt organ som følgjer samfunnsutviklinga innan helse og digitalisering.

🔗 Les meir: muritunet.no/forskning-og-utvikling-2-2

Vil du vere fysioterapeut på Muritunet? 💪 No har du ei strålande moglegheit til å prøve deg i eit 1-års vikariat ved avd...
15/09/2025

Vil du vere fysioterapeut på Muritunet? 💪 No har du ei strålande moglegheit til å prøve deg i eit 1-års vikariat ved avdelinga på📍Moa

Er du offentleg godkjend fysioterapeut og ønskjer å jobbe med:
🔹 Kliniske undersøkingar og funksjonskartlegging
🔹 Tilpassing av individuelle og gruppebaserte treningsprogram
🔹 Aktiv oppfølging med fokus på meistring og tryggleik
🔹 Smartereduksjon og samtaleterapi
🔹 Kartlegging av tilsette med høgt fråvær (ekspertbistand)

Sjå kvalifikasjonar og kva vi elles tilbyr – lenkje til stillingsannonse
🌐🔗 https://muritunet.no/ledige-stillinger

Bli ein del av eit spesialisert tverrfagleg team med høg kompetanse, der vi tek godt vare på både pasientane og kvarandre 👭👬

📅 Søknadsfrist: 26. september

📣 Pain Reprocessing Therapy (PRT) er ein framtidsretta metode for menneske med langvarige smerter. 🧠 Forskning viser at ...
02/09/2025

📣 Pain Reprocessing Therapy (PRT) er ein framtidsretta metode for menneske med langvarige smerter.

🧠 Forskning viser at hjernen kan tolke kroppssignal som fare, sjølv etter at skaden er grodd.

📺 I dokumentarserien «Harald og sytepavene» på VGTV følgjer vi seks pasientar med smerter i rygg, mage, fot og hender. Dei får åtte timar med PRT. Resultata er oppsiktsvekkande.

📍 Muritunet har fått støtte frå BIO-midlar og er i gang med opplæring. Dagavdelinga på Moa er først ut.

🌐🔗 Les meir om PRT og kompetansehevinga vår her https://muritunet.no/artiklar/pain-reprocessing-therapy-prt-kanskje-framtidas-l%C3%B8ysning-for-menneske-med-langvarige-smerter

Adresse

Grandegata 58, Valldal//Moa: Langelandsv. 17, 6010 Ålesund
Valldal
6210

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Muritunet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Praksisen

Send en melding til Muritunet:

Del

Share on Facebook Share on Twitter Share on LinkedIn
Share on Pinterest Share on Reddit Share via Email
Share on WhatsApp Share on Instagram Share on Telegram