15/06/2022
OOOOh hildrande du!
-tykkjer eg er ei slags dekkande overskrift for dette innlegget som eg ganske forsiktig daskar inn i EDB-maskina via eitt fargerikt tastatur som skiftar farge heilt av seg sjølv.
Bakgrunnen for innlegget er å gje informasjon på ein måte som virkar uformell i forma, men som samstundes maktar å formidle det som forfatteren (meg) ynskjer å gje bod om. eg lurer litt på om ikkje det høver aller best å kome med sjølve bodskapet no:
I MORGON TORSDAG 16.06 VERT DET STENGT HEILE DAGEN. DEI AV DYKK SOM PLAR KOMA MED PASIENTTRANSPORT SLEPP Å SEI FRÅ DYKK TUREN DÅ DETTE ER TEKE HAND OM.
Sånn! den var eg rimeleg nøgd med! kort, konsis - ikkje noko snikk snakk. rett på sak og uten utbroderingar i avansert saum som dekkjer over bodskapet.
For det hadde heller ikkje søme seg å leggje ut kvifor det haldast stengd samstundes med hovudbodskapen, sidan det ikkje er "kvifor" som er viktig. Men no har eg jo sitert ein av mine store heltar, sjølvaste Sylfest Strutle i overskrifta, ein av dei mest røynde nynorskarararane i nyare norsk tid, som også var ein jovial moromann og russisk ubåtkaptein på fritida, og eg lyt derfor leggje inn eit passeleg lite humoristisk , ja- innlegg? om årsaka, altså eit "kvifor" det skal haldast stengd her i morgon. Dei som kjenner meg godt, veit at det stort sett berre unntaksvis vert fridag ved årsakar som familiauke, ferie eller jom kippur. Her plar det vere åpent so mykje at eg ein gong fekk elektronisk brev frå sjølvaste HELFO om at det ville fortelle meg at dei hadde lagt merke til at eg jobba lange dagar. Eg vart vart so opprømd at eg heiv meg på telefonen, og måtte roe meg ned før eg kom til skade. Då val eg å plukke telefonen opp på ein normal måte og slo nummeret til helfo med ein dirrande finger. Etter å fått nokre alternativ for kven eg kunne få ein prat med og ventemusikk som eg trur dei ristar av seg dei fleste innringarane med, innsåg eg at det ihvertfall ikkje var eit eige val for oss med høg arbeidskapasitet i menyen, men etter omtrent 20 minutt fekk eg svara det ei hyggeleg stemme at eg hadde kome til sjølvaste HeLse Og økonomi FOrvatninga, eg er nesten sikker på eg skulle snekra i hop eit betre akronym med so mange bokstavar, om eg fekk like frie hender som opphavspersonen til namnet "HELFO" Det er faktisk like før LØKPØLSE kunne vore eit bidrag. Men eg vart ikkje spurd om namnebidrag før døypinga av ein offentlig intitusjon denne gongen -Heller.
"HEI!" sa eg høgt og tydeleg til menneske på andre enden av tråden, som eigentleg ikkje er ein tråd lengre, men ei bråtmasse med data som flyg usynleg i lufta. Tråd var det vel ikkje før heller, men ein koparkabel, uten at det har noko med historia å gjere. " "Det er SJØLVASTE Bjørn Egil som ringer, fysioterapeut på -TOPP 10% lista dykkar" HÆ? svara ho stakkars arbeidaren, som på akkurat denne dagen, som ved eit sjansespel i uflaks og russisk rulett av dei sju sjeldne, ho hadde kome nett på den telefonlinja ein sjøloppnevnt moromann og målføreentusiast med Sylfest Strutle som største og einaste idol, ja før Kurten kom på bana, ringde inn, nesten euforisk over eiga tru på at han kunne vore moromann på tv han og "Ja du veit vel kven EG er?" Sidan det var meint retorisk, venta eg ikkje på svar ,men prata heller endå høgare så det ikkje skulle vere tvil om kven som fortsatt hadde ordet. " EG ser dykk har lagt merke til meg, og mi enorme arbeidsevne!? og at eg difor er nominert på 10 på topp i HELFOlista dykkar?, eg har heve i hop nokre ord, men dette er berre utkast til ein takketale og den er på nynorsk, veit du noko om det vert NRK? eller vert det radio? Så vil eg vete om det vert Diplom, eller anna form for påskjøning, eg kan godt ta pokal, men ikkje so interessert i blomar, er det blomar? Har du lov å seie nok konkret om sjølve tildelinga? "
Det var ikkje vanskelig å høyra at ho angra allereie på at ho kom på jobb denne dagen, då første telefon ho fekk var frå ein som sannsynlegvis hadde ein bachelor i dårleg humor, og etter eg byrja å flire , mest fordi eg syns eg hadde vore ein mester i satire,(og rim) sidan eg sparka skrått oppover til dei som set å kontrollerar kor mange timar eg er å finne i lokala mine på Vestnes, gav også ho uttrykk for at dette hadde vore artig. "diplom du lissom?" Og vil lo!
Dette har heller ikkje noko med grunnen til at det vert stengt her i morgon, men gjev eit lite innblikk i kor lite som skal til før eg tykkjer noko er så morosamt att eg ler. Dette har gått opp for meg i dag, for kvar gong eg har flira so har eg vorte mint på at eg fikk eit lite ribbeinsbrot, søndag. det har vore stabilt og til å leve med, ihvertfall ette eg tok ei avgjerdsle i går om å aldri hoste nokon gong igjen så lenge eg er i live. Eg vel heller til å perfeksjonere meg i å harke, noko som nesten er jamngodt med hosting, berre mindre krevjande for ribbeina mine. Ein ting eg har vore flink å halde meg frå er nysing desse siste par dagane, men full av sjølvtillit, høg på livet og med morosame replikkar som ville fått sjølvaste Sylfesten på trua og nesten garantert ville nikka og blunka godkjend til, var eg sikker på at eg skulle klare å sleppe ut eit nys på ein so kontrollert måte at det ville kome ned på eit akseptabelt nivå smertemessig.
For å gjere ei kort historie kortare: DET ER UMOGLEG! Sidebeinet som var skada søndag endra brått stilling, og det var med ei slik kraft at eg var sendt i bakken og endra diagnose seg til ein ustabil costa fraktur. Då ligg det å bevega seg i område det ikkje høyrer heime, noko som kroppen min vel å seie i frå om, i håp om at eg for ein gong skuld skal høyre etter. Dette gjer han ved å vere til meg ved å vere kort, konsis - ikkje noko snikk snakk. rett på sak og uten utbroderingar i avansert saum som dekkjer over bodskapet.
"BJØRN EGIL DU HELD DEG HEIME FRÅ JOBB I MORGON!"
So då gjer eg det, litt usikker angåande fredag fortsatt, men eg legg ut ! korte, konsise -oppdateringar her, rett på sak og uten bodskap.